Allehelgen

Allehelgen

I år er allehelgen 1.-3. november. Dette er helga då kyrkjer over heile landet inviterar pårørande som har mista nokon, til gudstjeneste og samvær. Då er kyrkja open for ei stille stund, for lystenning eller for ei samtale.

Laurdag 02.november kl. 16:00 er det minnegudsteneste i Holla kirke.

Det har gått ut spesiell invitasjon til pårørande som har mista nokon det siste året, men alle er velkomne i kyrkja denne dagen.
Står du nær, eller kjenner du kanskje menneske i sorg. Her kan du finne nokre gode hjelpemiddel om du er litt usikker på korleis du best kan møte dei i sorga. 

Allehelgen

 

Førstehjelp ved sorg

Konkrete tips som kan gjere det litt lettare å vere til stades for menneske i sorg.

Det er tungt å vere åleine i sorga. Derfor har kyrkja samla tankar og konkrete tips som gjer det litt lettare for oss å vere til stades for medmenneske i sorg. Sorg er smertefullt, men sorga kan bli lettare å halde ut når ho blir delt. Kyrkja har lang erfaring med å møte og støtte sørgjande. Tipsa her er meinte som ei hjelp i den første tida, når nokon har mista ein dei er glad i.

All sorg er unik. Det finst ingen instruksjonar som alltid er rette, det er ingen absolutte sanningar. Kanskje er det òg ei av årsakene til at så mange kjenner seg usikre når dei skal møte andre i sorg. Med desse tipsa håper Den norske kyrkja å kunne medverke til at fleire kjenner seg litt tryggare og betre førebudde, slik at ingen rundt oss må vere einsame i sorga si.

  • Ta ansvar for kontakten
    Vi må ikkje leggje ansvaret for å halde kontakten på den sørgjande. Unngå å seie «ring meg om det er noko, eg er her for deg». Da er det stor fare for at den sørgjande ikkje orkar å vere den som skal ta kontakt. Sei heller: «Eg ringjer deg på tysdag, ta telefonen om du orkar.» Om den sørgjande ikkje svarar, kan du ringje igjen. Og igjen og igjen.
     
  • Ta initiativ
    Foreslå ein heilt kvardagsleg aktivitet. Du kan invitere på kaffi, til å sjå ein film, eller til å bli med på ein liten tur ut. Mange sørgjande lengtar etter ein pause i sorga og litt vanleg kvardagsliv. Hugs at den du inviterer med, kanskje takkar nei, og det er heilt greitt. Det viktigaste er at du spør – og at du vågar å spørje på nytt.
     
  • Bryt stilla
    Mange synest det er vanskeleg å ta kontakt med den som sørgjer. For kva skal du seie? Tenk om det blir heilt stille når du ringjer, eller kanskje den sørgjande tek til å gråte? Det viktige er ikkje kva du seier, men at du vågar å bryte stilla. Av og til er ei tekstmelding ei betre løysing enn ein samtale; det er ofte lettare å ta imot og svare på ei melding.
     
  • Vis nærvær
    Mange av oss er redde for å trengje oss på, og det kan fort ende med at vi ikkje gjer noko som helst. Kanskje tenkjer vi at den sørgjande helst vil vere i fred, eller at vi skal vente med kontakt til «det verste er over». Vi må vise tydeleg at vi er der, slik at den sørgjande ikkje føler seg utanfor eller oversett.
     
  • Gi rom
    Det kan vere mange som sørgjer over den same personen samtidig. Alle som har mista ein nær, har ein unik relasjon til den som er borte. Sorga er ulik frå person til person. Vi må unngå å ta over med våre eigne minne og kjensler. Vi må hugse at det som gjeld, er kjenslene til den sørgjande, same kva slags kjensler det er. Våre tankar og forteljingar er sjølvsagt også viktige – men ikkje viktigast.
     
  • Vær tolmodig
    Vis forståing for at alle sørgjande har sin eigen sorgprosess. Ikkje «trøyst bort» sorga, og ikkje vis frustrasjon over at den sørgjande ikkje kjem seg vidare. For sorga har ingen «best før»-dato, og det finst korkje normal eller unormal lang tid for sorg. Somme har behov for å fortelje den same historia om og om igjen, og for somme kan det vere ein viktig del av det å forstå og arbeide seg gjennom sorga.
     
  • Ikkje gløym sorga
    Du kan skrive opp i kalenderen når det har gått tre, seks eller tolv månader sidan personen døydde. Så kan du ta kontakt igjen da. Når omverda går vidare, er det lett å tru at sorga blir mindre, men for mange er det motsett. Sorga blir kanskje verre. Spesielt når ingen andre synest å hugse eller bry seg lenger. Sorg er smertefullt, men deler vi sorga, kan ho bli lettare å bere.
     
  • Hugs årsdagen
    Spesielle minnedagar og jubileum er ofte krevjande, jamvel etter mange år. Som medmenneske kan du vere ei støtte for den sørgjande ved å vise at du deler sorga og framleis hugsar den som er død. Desse minnedagane kan vere dødsdagen, fødselsdagen eller eit anna spesielt tidspunkt som ein markerer. Og sjølve markeringa denne dagen kan vere storslått eller lita; det viktige er at den sørgjande ikkje treng å vere åleine i sorga si.
     
  • Hald fram med å minnast
    Ikkje ver redd for å snakke om personen som er død. Sjå på bilete og del minna med kvarandre. Dette kan det vere ekstra viktig å tenkje på når den sørgjande er eit barn, for da er vi vaksne ofte enda meir varsame og redde for å kome for nær vanskelege kjensler.
     
  • Hjelp i kvardagen
    Det er mange praktiske ting du kan gjere for den sørgjande, ting som kan verke sterkare enn ord. Iblant kan omtanke vere å sitje barnevakt, lage middag, klippe plenen, gjere innkjøp eller vaske i huset. Du kan rett og slett gjere omtanke om til konkrete handlingar.
     
  • Besøk ein minnestad
    Er det ein spesiell stad som kan knytast til den døde? Du kan gå dit saman med den sørgjande, og de kan minnast saman. Tenne eit lys ved grava, spele musikken den avdøde likte aller best, bade frå bryggja som var så viktig for den døde, eller gå på restaurant og bestille favorittretten til den som er borte. Det finst mange måtar å minnast ein person på.


Frykt ikkje, for eg er med deg, ver ikkje redd, for eg er din Gud! Eg gjer deg sterk og hjelper deg og held deg oppe med mi rettferds høgre hand. (Jesaja 41,10)

Allehelgen

 

Dagens Bibelord
Hva skjer i menigheten?
Onsdag 26. mars,
11:00 Formiddagstreff
på Fredheim. Du får kjøpt kaffe/te for 20 kr. Ta med niste. Hjertelig velkommen til en hyggelig og uformell sammenkomst.
19:00 Felleskapssamling
på Fredheim. Start kl. 19:00. Vi spiser en enkel kveldsmat sammen. Innledning ves Anne Berit Sunde.
Torsdag 27. mars,
19:00 ÅRSMØTE
på Fredheim. Vi spiser kveldsmat sammen før møtet. Åpent for alle!
Lørdag 29. mars,
11:00 Lørdagsklubben
i Helgen Montessorieskolens lokaler. Påskeverksted.
Søndag 30. mars,
11:00 Gudsteneste
i Lunde kyrkje. Felles for begge sokn.
Søndag 6. april,
11:00 Gudstjeneste
i Lunde kyrkje. Felles for begge sokn.
Tirsdag 8. april,
17:15 MiniGospel
for alle barn mellom 3-6 år i Holla kirke. Velkommen!
Onsdag 9. april,
11:00 Formiddagstreff
på Fredheim. Ta med niste og kjøp kaffe/te. Dette er en helt uformell samlig hvor alle er hjertelig velkomne!
19:00 Felleskapssamling
på Fredheim. Start kl. 19:00. Vi spiser en enkel kveldsmat sammen. Samtale om søndagens tekst.
Søndag 13. april,
11:00 Familiegudstjeneste
i Helgen kirke. Palmesøndag. Felles for begge sokn.
Powered by Cornerstone