Små samlingar til glede

Små samlingar til glede

Koronaåret har gjeve oss mange nye erfaringar frå det kyrkjelege arbeidet. Vi har stadig funne nye måtar å vera kyrkje på.

Når vi no lyttar til forteljingar frå kyrkjelydar rundt i landet kjem det fine historier om gudstenester, dåpssamlingar og samtalar som har funne stad med berre nokre få menneske i kyrkjerommet. 

Menneske i både glede og sorg har vorte møtt på gode måtar, og møta har vore prega av nærleik og varme. Med få menneske til stades har det blitt god dialog, og mange seier at desse små samlingane har vore verdifulle og viktige midt i ei krevjande tid. 

Det er godt å høyra slike historier. Desse forteljingane og erfaringane må vi ta vare på og henta fram når vi etter kvart skal hente kunnskap om året som har vore så annleis for oss alle.

I årsrapportane frå bispedøma er det mange som skriv om desse små samlingane. Årsrapportane er interessant lesing og til inspirasjon, og du kan lese dei på lenka under. 

Olav Fykse Tveit
Preses

Årsmelding frå bispedøma

 

Publisert 27.04.2021
Dagens Bibelord
Hva skjer i menigheten?
Fredag 29. mars,
11:00 Pasjonsgudstjeneste
i Holla kirke.
Søndag 31. mars,
11:00 Høytidsgudstjeneste med nattverd
i Holla kirke. Solist: Kaja Førland.
Tirsdag 2. april,
17:15 Holla minigospel
Velkommen til minigospel! sesongavslutning
18:15 Hollagospel
Velkommen til Hollagospel!
Onsdag 3. april,
11:00 Formiddagstreff
på Fredheim. Alle er hjertelig velkommen til et uformelt treff. Du tar med niste og betaler 20 kr for kaffe/te. Vi sees.
19:00 Fellesskapssamling
på Fredheim. Vi spiser kveldsmat sammen. Innleder Bruno Hagemann. Alle velkommen!
Torsdag 4. april,
17:30 SuperTorsdag
Velkommen til SuperTorsdag på Fredheim!
Søndag 7. april,
11:00 Gudstjeneste
i Holla kirke.
Onsdag 10. april,
14:30 Konfirmantsamling
på Fredheim. Tema: Skapt, nåde, verdi. Rød gruppe: kl 14.30-15.45 Blå gruppe: kl 16.00-17.15
19:00 Sinnsrogudstjeneste
i Holla kirke. Kaffe og vafler fra kl 18.30 og etter gudstjenesten.
Powered by Cornerstone