Draumkvedet i Flåbygd kyrkje

Draumkvedet i Flåbygd kyrkje

Lunde og Flåbygd sokneråd ønsker velkommen til fremføring av Draumkvedet v/ Jon Anders Halvorsen og Andres Røine trettende dag jul 6. januar 2017 kl. 20.00.

Trettende dag jul kan vi oppleve ein tradisjonell og levande framføring av det gamle og kloke Draumkvedet i kvedartradisjon. Dei gamle folkesongane har vidareført dette diktet i fleire hundre år gjennom munnleg overføring frå far til son, frå mor til dotter, frå bestemor til bånebån. Versjonen i Flåbygd denne gonger er tenkt å vere eit møte mellom det gamle og det nye, gammel song med djup visdom og klokskap i møte med nåtidas folk.

Sæl er den i fødesheimen
fattige gjeve bruud
Han tar ikkje reddast i andre heimen
fe lide noko naud
Min frende og din ven!
Månen skine, og vegline felle så vide.

Slik lyder songen frå mange hundre år tilbake, slik at den vidareført frå songar til songar på munnleg vis. Og slik syng vi den gamle visa også i dag. Visa er like aktuell i dag som på 1600 - talet. Sjeldan har så mange vore på flukt frå krig og naud. Og sjeldan har det vore viktigare å dele mat og klede med dei som er offer for krigshandlingar.

I Flåbygd kyrkje hentar vi fram att den store og kjente visa på denne gamle kyrkjelege merkedagen, den dagen som også er oppvakningsdagen for Olav Åsteson i Draumkvedet. Jon Anders Halvorsen var i Oktober 2016 i heimbygda for å øve til konserten, og med seg i livleg samspel og velklingande improvisasjon har han den allside spelemannen Andres Røine. Andres er busett i Bø og spelar fele, munnharpe, langeleik og gitar.

Draumkvedet fortel om Olav Åstesons store draum og vide reise. Det er Nordens store visjonsdikt. Olav vakna trettandagen og kjem til kyrkje, forpusta og i svime. I kraftfulle ord og bilde skildrar han ferda og synene sine for kyrkjefolket. Olav Skildrar folk i pinsler for fæle syndir, i fødeheimen her, over til andreheimen eller dødsriket, og heimatt til kyrkjefolket som lyer på forteljingane hans. I visa følgjer vi Olav Åsteson og hans tids oppfatningar om store synder, fæle piner og død, om ikkje folk skikka seg vel med dei som trong hjelp. Og vi møter forestillingar om sæle og fridom for dei som tvert i mot hjelper folk i naud.

Det er duka for ei stemningsfull kveldsbeite i Flåbygd kyrkje tidleg i januar.

Har dere spørsmål ang. dette kan dere ta kontakt med Lunde og Flåbygd sokneråd v/ Borghild Hardang - Hanto.

Dagens Bibelord
Hva skjer i menigheten?
Søndag 21. april,
11:00 Gudstjeneste
i Holla kirke
Onsdag 24. april,
14:30 Konfirmantsamling
på Fredheim. Tema: Leve sammen. Rød gruppe: kl 14.30-15.45 Blå gruppe: kl 16.00-17.15
19:00 Fellesskapssamling
på Fredheim. Vi spiser kveldsmat sammen. Innleder Liv Merete Høie Rønning. Alle velkommen!
Søndag 28. april,
11:00 Gudstjeneste
i Helgen kirke.
Torsdag 2. mai,
17:30 SuperTorsdag
Velkommen til SuperTorsdag på Fredheim!
Lørdag 4. mai,
11:00 Lørdagsklubben
Vårtur til Blåbæråsen "Den store furua". Møt opp ved Helgen kirke kl 11.00. Ta med mat og drikke.
Onsdag 8. mai,
11:00 Formiddagstreff
på Fredheim. Alle er hjertelig velkommen til et uformelt treff. Denne dagen er det gratis snitter, men du betaler 20 kr for kaffe/te. Vi sees.
14:30 Konfirmantsamling
på Fredheim. Tema: Bønn. Rød gruppe: kl 14.30-15.45 Blå gruppe: kl 16.00-17.15
19:00 Sinnsrogudstjeneste
Holla kirke Nattverd Kaffe og vafler fra kl 18.30 og etter gudstjenesten.
Onsdag 15. mai,
18:00 Konfirmantsamling
KONFIRMANTtreff i Seljord
Powered by Cornerstone